FORENINGSPORTAL Foreninger Askvoll
Tirsdag 12 September 2023
kl. 09:45 - 15:00
Askvoll kai

Strandryddeseglas med Loyal

På seglasen får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida langs kysten av vestlandet. Målet med seglasen er at vi skal rydde det vi klarer av marin forsøpling og etterlate kysten #likefinsomfør.

I samband med STRANDRYDDEVEKA 2023 inviterar Fjordane Friluftsråd til ryddeseglas.

Noregs største ryddedugnad er i år frå 8. til 17. september. Dette markerar vi med moglegheiten til å få segle med galeasen Loyal, frå 12. til 14. september.

Strandryddeseglasen vil til saman vare i 3 dagar, med moglegheit til å delta på dagsseglas eller å vere med alle dagane - då med overnatting ombord. Dagsseglasen avsluttast på samme stad han startar om morgonen, før Loyal seglar vidare til neste kai om ettermiddagen. Fyrste dag vil vere i Askvoll, dag nummer to tilbringar vi i Florø, og til slutt avsluttar med ein dag i Kalvåg.

Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS. Det er eit avgrensa antal plassar, så det er viktig å reservere billett på førehand.

Innhald:

På seglasen får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida langs kysten av vestlandet. Målet med seglasen er at vi skal rydde det vi klarer av marin forsøpling og etterlate kysten #likefinsomfør.

Dette er ein moglegheit til å komme tett på havet og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.

Bli med!


Praktisk:

Oppmøte kl 09:45 på kaia i kommunen du ønsker å rydde (nøyaktig oppmøtestad kjem seinare)

Dagsseglasen avsluttast på same stad ca kl 14.30

Lunsj er inkludert for dagsseilas

Middag er også inkludert for dei som overnatter og er med på heile seglasen

Ha med gode klede og godt fottøy

Pakkeliste vert sendt ut til dei som skal overnatte på skuta


Påmeldingslenka:

https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/sales/event/strandryddeseglas23


Tir 12.09.2023 - Tor 14.09.2023
09:45 - 15:00
Askvoll kai
Del på
2024 © Askvoll Foreinigsportal