FORENINGSPORTAL Foreninger Askvoll
Onsdag 18 Oktober 2023
kl. 12:00 - 16:00
Askvoll

Seglas med Loyal

Fjordane Friluftsråd ynskjer å invitere til seglas med galeasen Loyal. Toktet kjem til å vare i 2-dagar med ei overnatting. Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.

Innhald: På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida i Askvoll kommune. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi skal fiske og sette teiner samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gå i land på ulike strender for å rydde marin forsøpling der vi finn det.

Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.

Bli med!

Praktisk: MEIR INFORMASJON KJEM Mat er inkludert Ha med gode klede, pakkeliste vert sendt ut i forkant av seglaset

https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/sales/event/2713148057

Ons 18.10.2023 - Tor 19.10.2023
12:00 - 16:00
Askvoll
Del på
2024 © Askvoll Foreinigsportal