

Askvoll Røde Kors
Røde Kors har som føremål å avdekkje, hindre og lindre naud.
I Askvoll Røde Kors arbeider vi mot dette målet lokalt, gjennom beredskap og ved å gje eit tilbod om sosial kontakt og medmenneskeleg hjelp og støtte. Askvoll Røde Kors har eit solid styre, har mange aktivitetar og følgjer opp handlingsplanen.
Kva betyr det i praksis?
FELLESSTOVA: Aktivitetar på Askvoll Omsorgssenter – Omsorg har eit godt samarbeid med bebuarar og tilsette slik at frivillige fleire gonger i månaden har arrangement på Fellesstova, med underhaldning, song/spel, diktlesing og dramatisering, litt å bite i med kaffe eller brus. I tillegg morar vi oss med utlodding, sal av årer er populært. Askvoll Røde Kors gjennomførte 3 bussturar til Lillingstonheimen, Atløy og Bulandet i mai, juni og september 2024 med full buss 44personar eldre/sårbare, tilsette og rødekorsarar. Alt gratis. Suksess!.
HANDLETRALLA på Omsorgssenteret med Jorid og Aud F er populær. Askvoll Røde Kors stiller som frivillig på til dømes pubkveldar og basar. Sommarfesten er obligatorisk. Vi samarbeider om «Verdens aktivitetsdag» «og Eldredagen» (Pensjonistlaget) og «Turmat frå mange land» (Barnas Turlag) og om "Internasjonal førjulsfest" (frivilligsentralen)".
TYSDAGSTREFFET, Omsorg samarbeider med Askvoll Omsorgssenter ved aktivitør og Askvoll Frivilligsentral slik at 3-6 frivillige kvar tysdag (1-3t) legg til rette for kaffe, vaflar/lappar og sosialt. Her møter mellom 15-35 personar frå omsorgssenteret og bustadene omkring. Gratis! Alle velkomne!
MØTEPLASSEN er aktiv på tredje året. Eit samarbeidsprosjekt der Askvoll Pensjonistforbund og Askvoll Røde Kors har ein vert. Det sosiale er i fokus. Men ein kan få digital hjelp etter avtale til Pc, mobil og nettbrett . 20kr for kaffi/kjeks.
ASKOTEK Språkkafeen er under vurdering.
BRUKTBUTIKKEN på folkemunne GRATISBUTIKKEN i 2.høgda på Helsehuset rommar mykje kle, sko og leiker. Ta deg ein tur innom for å sjå, ta ein kopp kaffe eller berre ver nysgjerrig.
MÅNDAGSKLUBB på tysdagar i Holmedal Eldresenter, følg med på oppslag.
Frå Askvoll Røde Kors tok i år fire frivillige del på «Ferie for alle» på Haugland. Du kan bli med neste år! Ta kontakt med leiar.
Sidan hausten 2020 har vi jobba med etableringa av eit operativt hjelpekorps i Askvoll. No er talet 10 operative. Vi er stolte av å ha inngått ein beredskapsavtale med Askvoll Kommune. Hjelpekorpset er med på aksjonar. Dei arrangerer jamnleg korpskveldar, friskar opp kunnskap og arrangerer har kurs i førstehjelp og hjartestartar. Hjelpekorpset har flytta depoet til Holmedal Eldresenter. For meir informasjon om Askvoll Røde Kors er du hjarteleg velkommen til å besøke Facebooksida vår og følgje med på Instagram.
Askvoll Røde Kors ønsker seg nye støttemedlemmar. Blir du med? https://www.rodekors.no/bli-medlem/ eller ta kontakt med
Askvoll Røde Kors, leiar Vigdis Løberg, epost: vigdis.loberg@rodekors.org mobil: 90730006
Askvoll Røde Kors Omsorg Marit Klausen mobil 99243088
Askvoll Røde Kors Hjelpekorps Ank de Jong, mobil 99099453