FORENINGSPORTAL Foreiningar i Askvoll
Søndag 1 Februar
kl. 11:00
Hilvang, Holmedal
Arr: Barnas Turlag og Ung Askvoll

Kom deg ut dagen

Søndag 1. februar er det Kom deg ut-dagen igjen! Kom deg ut-dagen er Norges nasjonale turdag, og arrangerast av DNT kvar haust og vinter. Vi inviterar til turar, aktivitetar og arrangement over heile landet. I 2026 er det 20 år sidan den fyrste Kom deg ut-dagen, og vi feirar med utebursdag og stor ståhei!

Barnas Turlag Askvoll inviterar til utebursdag på Hilvang, sundag 1.februar, frå klokka 11 og utover. 🎉

Vi kjøper inn pølser og brød nok til alle, så trykk gjerne på "skal" slik at vi veit kor mykje vi skal kjøpe inn. Ta med kakao og deig til pinnebrød, og eigne grillspyd. Det går også an å ta med seg det ein ellers ynskjer å grille på bål, marshmallows, fiskekaker, ostesmørbrød. Vi vil også varme kakao på bålet. 

Det er litt vêravhengig kva aktivitetar det vert, men vi lovar stor ståhei uansett. Anten vert det konkurranse med miniski, aking, båltenning, eller så vert det lengdehopp, balansering, kubb. Vi vil lansere ein ny turtipp, og kanskje vert det besøk av sjølvaste Turbo Fjellrev? 🤩

Kom bli med og feire bursdag med oss! 🎉

Les meir om kom deg ut-dagen her:
https://www.dnt.no/.../lokale-aktiviteter/kom-deg-ut-dagen/

Søn 01.02.2026
11:00
Friluftsliv
Hilvang, Holmedal
Holmedal
Barnas Turlag og Ung Askvoll
Del på
2026 © Askvoll Foreinigsportal